Geovekst 2020

Årets kartlegging er delt i to geovekst-prosjekt:

  • Sunnmøre Nord 2020: Ålesund, Vestnes, Sula Giske og øyane Orten/Lyngværet (Aukra kommune)
  • Nordmøre Sør 2020: Averøy, Kristiansund og Tingvoll

Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjekta.

Sunnmøre Nord 2020

Dette prosjektet skal kartlegge område i Ålesund, Vestnes, Sula, Giske og øyane Orten/Lyngværet i Aukra kommune. Deler av kartleggingsområdet er gradert begrensa, det vil difor kun vere kartleggingsfirma med sikkerheitsklarering som vil kunne gje tilbud på konkurransen. Prosjektet er publisert på Doffin, med tilbudsfrist 11. februar.

Klikk på bildet for større versjon

Kartutsnitt som viser prosjektet si geografiske utstrekning

Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Sunnmøre Nord 2020. (Ill.: Kartverket Møre og Romsdal).

Nordmøre Sør 2020

Prosjektet skal kartlegge område i Averøy, Kristiansund og Tingvoll. Oppdraget er publisert på Doffin, med tilbudsfrist 6. februar.

Klikk på bildet for større versjon

Kartutsnitt som viser prosjektet si geografiske utstrekning

Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Nordmøre Sør 2020. (Ill.: Kartverket Møre og Romsdal).

Geovekst 2019

Årets kartlegging er delt i to Geovekst-prosjekt:

  • Indre Sunnmøre 2019: Ørsta, Volda og Hornindal
  • Ytre Sunnmøre 2019: Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein

Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjekta.

Indre Sunnmøre 2019

Dette prosjektet skal kartlegge område i Ørsta, Volda og Hornindal kommunar. Oppdraget er tildelt Blom AS.

Flyfotograferinga er utført i sommar. Ortofoto og kartdata ventast tilgjengelege i februar/ mars 2020.

kartutsnitt som viser prosjektets avgrensing

Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Indre Sunnmøre 2019. (Ill.: Kartverket Møre og Romsdal).

Ytre Sunnmøre 2019

Dette prosjektet skal kartlegge område i Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein kommunar. Oppdraget er tildelt Blom AS.

Flyfotograferinga er utført i sommar. Ortofoto og kartdata ventast tilgjengelege i februar/ mars 2020.

kartutsnitt som viser prosjektets avgrensing

Kartutsnittet viser prosjektetavgrensning for Ytre Sunnmøre 2019. (Ill.: Kartverket Møre og Romsdal).