Møre og Romsdal vart ikkje berørt av dei planlagde fylkessamanslåingane, men frå 2020 blei det mange endringar i kommunegrensene.

Kommunesamanslåingar
- Volda og Hornindal (tidlegare i Sogn og Fjordane) vart til Volda kommune
- Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy vart til Ålesund kommune
- Norddal og Stordal vart til Fjord kommune
- Molde, Nesset og Midsund vart til Molde kommune
- Fræna og Eide vart til Hustadvika kommune
I tillegg har to kommunar; Rindal og Halsa, skifte fylke til Trøndelag. Halsa vart der ein del av den nye kommunen Heim. Rindal gjekk over til Trøndelag frå 1. januar 2019.
Takk!
Medan kommunesamanslåingar i den førre reformen stort sett handla om å flytte arkiv og menneske frå eit kommunehus til eit anna, har den stadig pågåande digitaliseringa endra samfunnet så mykje at det ikkje lenger berre er snakk om å «flytte papir» til andre kontor. Det er mellom anna gjort eit stort stykke arbeid på matrikkelsida. Kartverket Møre og Romsdal ynskjer å takke kommunane for alt det gode arbeidet dei har gjennomført.
Grensejustering
I Møre og Romsdal pågår det også fleire såkalla grensejusteringssaker der ein eller fleire krinsar har søkt om overføring til nabokommunen. Slike saker berører alle samanslåingsprosjekta, med unntak av Hustadvika. Justerings-sakene vert handsama av Fylkesmannen og innstillinga hans skal presenterast på ein pressekonferanse før påske. Endeleg avgjerd vert teken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før sommaren.
Om det blir vedteke justeringar, må ein gå ein ekstra runde med dei involverte kommunane med tanke på å rydde opp i eventuelle nye avvik og overlappingar som oppstår med flytta grenser.
Kontakt
Kontaktpersonar ved Kartverket Møre og Romsdal er Wenche Mork: wenche.mork@kartverket.no og Sverre Steinnes: sverre.steinnes@kartverket.no.