Skip to content

FGU-møte Vestland fylke

28 Sep 2020
29 Sep 2020
Panorama Hotell,
Øygarden
Kl. 11:30 - 12:00

Kartverket Vestland inviterer medlemmene i Fylkesgeodatautvalget for Vestland fylke til møte lunsj- til lunsj-møte. På grunn av den pågåande situasjonen slår vi saman vår- og haustmøtet i år. Påmeldingsfristen er gått ut.



Sidan situasjonen er usikker, må vi berre sjå når det nærmar seg om det lar seg gjere å ha møtet. Påmelding er ikkje bindande før ein månad før møtedato, det vil sei at vi må avgjere innan 28. august om møtet blir noko av. Kvar einskild representant må jo også sjølv vurdere om deltaking er ynskjeleg når vi kjem så langt at møtet faktisk vert arrangert.

Meir informasjon og program kjem.

Praktisk informasjon

Vi vil reservere stort møterom med god avstand mellom deltakarane. 

Pris pr. person er kr. 2.845,- som betalast direkte til hotellet, eventuelt be dei om faktura. Dette dekker dagpakke med to lunsjar, middag, og overnatting.

Panorama Hotell i Øygarden ligg ca. 4 mil vest/ sør for Bergen. Det går buss dit ein sjeldan gong, men dei som kjem til Bergen med båt eller buss kan sitja på med oss til hotellet.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med Anne Lien ved Kartverket Vestland: anne.lien@kartverket.no