Det er lett å tenkje at issmeltinga frå Grønland vil påverke Noreg i særleg grad, sidan vi geografisk ligg relativt nær kvarandre. Eller det kan verke logisk at smeltevatnet vil spreie seg jamt utover alle verdshava og gje like mykje havnivåauke overalt. Men ingen av desse scenaria vil slå til.

Vatnet vil søkke

Om isen smeltar på Grønland, vil faktisk havnivået rundt Grønland søkke. Det skuldast gravitasjonskreftene og prinsippet om at massar tiltrekk kvarandre. Store ismassar tiltrekk seg store vassmassar, og når isen smelter på Grønland, vil det bli mindre ismasse att til å halde på vassmassane, og vatnet vil søkke lokalt.

Tyngdefeltet endrar seg

Vatnet blir ikkje borte, men det vil fordele seg andre stader på jorda. Det vil særleg bli trekt mot område rundt ekvator og på den sørlege halvkula, og påverke land som Bangladesh og Maldivane. Grunnen til dette er at heile jordas tyngdefelt vil endre seg som følgje av ismassane som er borte.

Havnivået i Noreg

Dersom Grønlands-isen smeltar, vil havnivået i Noreg faktisk bli påverka i liten grad, fordi vi ligg mellom områda som vil oppleve havnivåauke og havnivåsenking.

Om isen i Antarktis derimot skulle smelte, på motsett side av jordkloden, vil Noreg bli påverka. På samme måte som tyngdefeltet vil endre seg ved Grønland dersom delar av isen smeltar, vil det óg gjere det i Antarktis om det same skulle hende der, og havnivået lokalt vil bli lågare.

Vassmassane som isen tidlegare held på gjennom gravitasjonskrafta, vil flytte seg til den nordlege halvkula, og dette vil føre til ei ekstra havnivåauke i Noreg.